Vestland
Full utrykking då Norwegian-fly fekk tekniske problem
· Oppdatert
Eit Norwegian-fly til Berlin fekk søndag ettermmiddag varsel om tekniske problem og returnerte til Bergen med ein motor.
Eit stort tal brannbilar, ambulansar og politibilar rykte til Bergen lufthamn Flesland. Flyet landa klokka 1616.
– Det vart sett full beredskap og mykje ressursar vart sendt mot staden, opplyser operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad ved Vest politidistrikt.
Politiet opplyste først at flyet sendte naudmelding.
Dette avviser pressesjef i Norwegian, Catharina Solli.
– Det kom varsel i cockpit om tekniske problem, og då valde pilotane å skru av eine motoren og returnere til Bergen. Det var ynskje om auka beredskap, seier Solli til NRK.
Kva tekniske problem varselet indikerte er ukjent for pressesjefen.
– Vi har teknisk mannskap som skal sjå på maskina no, seier Solli og legg til at flymaskina landa utan problem på Flesland og gjekk til gate for eiga maskin.
Grunna situasjonen med Norwegian-flyet måtte fleire andre fly sirkle rundt flyplassen før dei kunne lande.
– Eg forstår at det kan høyres både skummelt og dramatisk ut å slå av ein motor, men pilotane øver mykje i simulator på å både fly og lande med ein motor. Det er heilt udramatisk, legg Solli til.
DY1122 skulle til Berlin med eit 140 passasjerar og crew på seks personar.
– Passasjerane er tekne av flyet, og avgangen er kansellert. No blir det jobba med kva som skjer vidare, men det er ukjent for meg, seier Solli.