Vestland
To maskerte oppsøkte bustad – tok kvelartak og slo
· Oppdatert
To menn er framleis på frifot etter eit ektepar vart utsett for vald i sin eigen heim i Fana i natt. Politiet har spor å gå etter.
Politiet rykte seint laurdag kveld ut til ein privatbustad i Fana etter melding om ei valdshending.
To personar som var maskerte med bøff og kaps hadde oppsøkt bebuarane i bustaden.
Ein av personane skal ha slått til ei kvinne i ansiktet og tatt kvelartak på ein mann, melde Vest politidistrikt i natt.
Dei to personane forsvann deretter frå staden. Politiet har søkt etter dei, men utan resultat.
– Det var eit ektepar som vart utsette for vald i eigen heim. I tillegg var det to vaksne barn i huset, seier jourhavande politiadvokat Margrete Degvold-Jonstad.
Ambulansen har sjekka dei to fornærma. Det er oppretta sak på kroppsskade, skreiv politiet klokka 01.43.
Sidan saka er under etterforsking, ønsker politiet søndag ikkje å seie noko om mogleg motiv eller kva dei to fornærma har forklart i avhøyr. Også to naboar er avhøyrde som vitne.
– Vi jobbar vidare med saka i kveld og i morgon. Vi har spor å gå etter og jobbar med fleire vitneavhøyr, seier politiadvokaten.
Trudde det var pågåande livstrugande vald
To personar i det aktuelle nabolaget seier til NRK at dei har fått forklart at to maskerte menn tok seg inn via ei kjellardør og banka på inn til husværet.
– Dei skadde er på Haukeland (universitetssjukehus), opplyser vedkommande.
Ein annan nabo fortel at han vart merksam på at noko hadde skjedd då han rundt midnatt høyrde ei drone.
– Då vi gjekk ut, såg vi ein ambulanse og tre politibilar parkert utanfor, og fleire sivile bilar, og høyrde at det vart leita i terrenget.
Han seier politiet ikkje gjekk rundt for å informere naboane.
– Når det var eit så stort oppbod av naudetatane, tenkte eg først det kunne vere snakk om «plivo», seier mannen til NRK.
Dette er forkortinga av omgrepet «pågåande livstrugande vald» – ei nasjonal prosedyre for korleis naudetatane skal opptre og samvirke i farlege situasjonar.
Nabo såg to som sprang vekk
Naboen opplevde likevel ikkje situasjonen som veldig ubehageleg.
– Det var tydeleg at dei søkte etter nokon. Eg trudde kanskje det var ein skadd.
– I ettertid syns eg det er litt rart at vi ikkje vart bedne om å halde oss inne.
Ifølge naboen vart dronesøket avslutta litt før klokka 1 i natt.
Hendinga skjedde i eit ganske landleg område, med spreidd busetnad.
Ein annan nabo seier til BA at han oppdaga to personar som kom springande i mørket då han var på veg ut porten for å lufte hunden.
– Det var ein som «trynte». Dei småsprang og lo, og så gjekk dei inn i ein bil som sto i krysset like ved her. Eg tenkte det var ungdommar på veg til fest, seier han til avisa.
Etter at han hadde gått tur med hunden, kom politiet og banka på.